Kategori:
Billettpris:
Kr 200
Pianotrioen er kanskje det puraste, reinaste formatet i jazzen. Piano, kontrabass og trommer. Det er ei slags paradegrein. I dette formatet kan ein spele kva som helst - fange store symfoniar eller såre vuggeviser. Oscar Peterson Trio, Bill Evans Trio, Ahmad Jamal Trio, Keith Jarrett Trio og Brad Mehldau Trio.
Men Mount Rushmore av pianotrioar til sides – i dag er det framleis frå pianotriojazzen noko av dei mest innovative og givande musikken å lytte til. Det er eit utfordrande og levande format, og vi går liksom aldri lei.
Då seier det litt at Sondre Moshagen Lightning Trio, gjekk av garde med seieren i Jazzintro i fjor, og blei Årets Unge Jazzmusikarar. Dette er musikarar som allereie er langt på veg. Og i år blir dei sendt på turné.
I juryens begrunnelse kan vi blant anna lese at «trioen har tydelig og fin kjemi i bandet og er sterke individuelle stemmer med finesse og modenhet. Komposisjonene er av høy klasse, med mye rytmisk autoritet som skaper store musikalske rom. De melodiske og harmoniske ideene gir de en egenartet identitet som skaper vakre øyeblikk. Tryggheten og tilstedeværelsen i bandet smitter over på publikum og gjør deg nysgjerrig på å høre mer.»
Moshagen lét seg inspirere av både klassisk impresjonisme, pop og ekspressiv jazz. Kertu Aer og Steinar Heide Bø lyttar seg inn, og improviserer seg inn i flettverket.
Vi trur du kjem til å kjøpe plater av Sondre Moshagen dei komande åra, men no får du sjansen til å oppleve dei i levande live, og leve opp til dyden for alle jazzfans - å vere først ut.
Kort sagt: Norges fremste unge jazzmusikarar i det reinaste formatet.
Besetning
Sondre Moshagen // piano
Kertu Aer // kontrabass
Steinar Heide Bø // trommer